Nær halve potten er i år sett av til lokale lønsforhandlingar. I løpet av oktober skal disse pengane forhandlast om på kvar institusjon.
I samband med dette inviterer NTL´s landforeining for Universitet og Høgskular til seminar:
Onsdag 22. september kl. 10 - 15 på Radisson Blu Airport Hotel, Oslo Gardermoen.
Samlinga er i første rekkje tenkt for tillitsvalde og forhandlingsdelegasjonar, dvs. forhandlingsleiar og bisitjar, med opning for fleire om de ønskjer det. Snakk med din lokale NTL leiar om dette er noko som passer for deg.
Utgifter til reise og ev. opphald vert dekt av landsforeininga.
Det vert høve til delta digitalt via Teams for dei som ønskjer det, desse får tilsendt særskild møteinnkalling.
Påmelding til hanne.sagerud@inn.no innan 15. september. Gi beskjed om du vil delta fysisk eller digitalt.
Endeleg program kjem seinare.
Vel møtt
Vennleg helsing
Sylvi Gulla Hovdenakk
NTL Universitet og høgskular|Leiar
Tlf 70 07 50 15|95 11 83 19
NTL Universiteter og høgskoler (ntluh.no)